Om Anleggsgartnar Baarøy AS
Firmaet vart stifta som eit enkeltpersonforetak av Tormod Baarøy i 2005 men vart endra til eit aksjeselskap i 2011. Tormod fekk fagbrevet i anleggsgartnarfaget i 2002. Anleggsgartnar Baarøy AS blei medlem i Norske Anleggsgartnarar, Miljø- og Landskapsentreprenørar (forkorta NAML) i 2012. Vi har for tida 10 tilsette i tillegg til sesongarbeidarar og elevar på utplassering. Verksemda held hus i Førde, men tek oppdrag over heile Sogn og Fjordane. Bedrifta har godkjent ansvarsrett ved utførelse av grunnarbeid og landskapsutforming i tiltaksklasse 1, og er godkjent lærebedrift i anleggsgartnarfaget.
Me har gode IK- og HMS-system for å sikre god kvalitet på arbeidet me utfører, og ta vare på gode arbeidsforhold.
Maskinpark
Vi har to gravemaskiner, to hjullastarar, traktor med tilhengjar og ein liten lastebil.
